Me har ei promoterings gruppa som til nå ikkje har hatt så stor aktivitet, men så er det jo eigentleg promotering me alle drive med i form av å informera folk om bevegelsen og TVP.
Men det eg kunne tenkt meg å arbeida med i promoterings gruppa bortsett frå å prøva å få kontakt med kjente personar og andre organisasjonar er å finna nye måtar å gjera det på. Nye måtar å få folk interesserte på. Måtar å få folk som ikkje er interessert til å bli interessert. Gi dei ein grunn til å interessera seg.
Det vil sei ta føre seg ting som har stor interesse og finna ein måte å snu den å vår retning. Samtidig så er det ein stor fordel å kunne presentera at det er store fordeler med den nye måten i forhal til dagens system. Som ein ting eg har tenkt på er å prøva å finna ein måte å få det til å bli meir "pengar" i rein energi og teknologi som ein start i rett retning som "lokkemat".
Så for dykk som har idear og vil jobba med detta så er det berre å skriva seg opp på promoterings gruppa . (va meininga å linka til gruppe dokumentet, men den sida fungerte ikkje akkurat nå.)