| Bruker | Innlegg |
|
18:05 16. aug, 10
| Vegard Bilsbak
| | Bergen | |
| Bruker | innlegg 150 |
|
|
Sidan eg oppdaga Zeitgeist Addendum og TZM for 4 månader sidan har eg liksom gått og venta på at ting skulle ta til å skje. I byrjinga var eg vanvittig utålmodig og sendte filmar og e-post til politikarar og media og forventa respons. Dette var jo noko alle måtte skjøna var den første realistiske løysinga på problema til menneskeheita verda har sett! Eg har etter kvart innsett at du ikkje klarar å åpna augene på folk som aldri har høyrt om TZM eller TVP berre ved å visa dei ein film eller eit foredrag. For å nytta Richard Dawkins sin analogi frå "climbing mount improbable": den lettase måten å bestiga eit fjell på er ikkje opp den glatte vertikale framsida på fjellet, men den slake stigninga på baksida. Det viktigaste for oss i rørsla er å visa dei som står under stupet og kikkar opp vegen rundt på baksida. For å kunna gjera dette er me nødt til å sørga for at folk me snakkar med har høyrt om ideane før. Den enklaste måten å gjera det på er å verta synlege og å freista å tiltrekkja oss oppmerksamheit. Arrangement som Z-day er kjempebra tiltak. Dette åleine kan derimot ikkje nå ut til så mange som me treng å nå for å oppleva ein reell effekt. Frå min ståstad er noko me absolutt må få til foredrag på vidaregåande skular. Ein skulle tru det er lettare å nå dei som ikkje alt har vorte fanga inn i lønsslaveriet og som ofte har ei trang til å gjera opprør mot verda den forrige generasjonen freistar å tre ned over hovudet på dei.
Det første og viktigaste steget for at TZM i Norge skal få til noko i det heile etter mi meining er at me organiserar oss skikkeleg. Forum på nett er vel og bra, men eg er redd ting aldri vil ta av dersom ikkje folk møtes ansikt til ansikt og får prata saman. Me har jo alltids teamspeak der ein iallfall kan prata saman og chat'a i sanntid, men eg trur heller ikkje det vil fungera skikkeleg før folk har møttest lokalt. Eit forslag til vegen å gå er til dømes noko slikt som å først få engasjert minst ein person alle stader i Norge der det finnast TZM-medlemmer. Deretter kunne ein gjeve den personen ansvar for å organisera eit lokalt møte der alle TZM-medlemmer i nærleiken som kunne og ville deltok. For å få dette til måtte dei enkelte koordinatorane få tilgang til e-post til alle i det aktuelle området eller til ei e-postliste som inkluderar alle medlemmer. Når koordinatorane hadde fått tilgang på e-postadresser kunne ein så avtala det første nasjonale møtet på teamspeak. Kvar einskild koordinator ville då ha ansvaret for å freista å få til eit lokalt møte før denne datoen. Denne datoen burde då naturlig nok verta litt fram i tid.
Eg meiner dette er naudsynt å få til så fort som mogleg då det er folk elles i Scandinavia som arbeider med koordinerte nordiske hendingar og at det er ynskjer frå TZM-folk om global koordinering rundt den nye Zeitgeist-filmen som kjem i laupet av hausten. Dersom du les denne posten, gå inn her og legg til kvar du held til på medlemskartet: http://zeitgeistbevegelsen.no/…..ge-bor-du/
Dersom du er ein administrator som har tilgang til alle e-postar/e-postliste eventuelt profilane til folk send meg ein e-post på bilveg@hotmail.com. Eg kan godt ta på meg ansvaret for å få til eit møte i Bergen, men me treng folk som kan arbeida med å få til møter andre stader og. Det beste hadde vore om du tok kontakt med alle andre administratorar og at det vart avtala eit møte på teamspeak. Før dette møtet burde det også sendast ut informasjon til alle om møtet slik at dei som kunne tenkja seg å arrangera lokalmøter deltok.
Dersom du les denne posten og er frå Bergensområdet, send meg ein e-post så kan me få til eit møte her i byen uavhengig av kva som måtte skje andre stader.
Frå forumet ser det ut som at det etter kvart er ein del folk som har oppdaga rørsla og sikkert har lyst til å få til ting, men skal me klara å holda eit visst engasjement oppe er me nøydd til å gje folk kjensla av at det skjer noko. For alt eg veit kan det ha vore arrangert møter over heile landet og folk kan ha starta å gjera ting lokalt, men me treng å spreie idear, informasjon og ikkje minst inspirasjon nasjonalt på ein betre måte og dermed skapa eit nasjonalt samhald. Uten lokalt samhald basert på møter i "den verkelege verda" trur eg derimot dette er urealistisk å håpa på.
-Vegard, Bergen
|
|
|
19:55 16. aug, 10
| Jostein
| | Etne | |
| Bruker | innlegg 137 |
|
|
Eg og synest Me burde arangera møter for å planlegga begivenhetar.
Me tanke på teamspeak… nå er jo google komt med mumble som er noko bedre enn teamspeak. Leste på google gruppa til zeitgeistbevegelsen at det var satt opp ein norsk mumble server.Skandinavisk løsning
existere den endo, er den aktive? Om ikkje så viille eg ha satsa på ein norsk mumble server i staden for TS
|
|
|
21:06 16. aug, 10
| Vegard Bilsbak
| | Bergen | |
| Bruker | innlegg 150 |
|
|
Eg har ikkje høyrt om mumble før. Årsaken til at eg nemner teamspeak er fordi det er der internasjonale og europeiske møter vert halde. Det er eigentleg det same for meg, men det er kipt dersom ein gjeng sit på mumble og ein anan på teamspeak. Det viktigaste etter mi meining er at me får i gang ikkje-digitale lokale grupper. Korleis me organiserar det etter det er eigentleg likegyldig for meg. Internett er essensielt for å spre informasjon og halda kontakt nasjonalt og globalt, men uten etablerte lokale grupper trur eg det vert vanskeleg å halda det gåande. Eg var og såg Venus-foredraget i Stockholm i sommar og noko av det beste med den opplevinga var å møta andre som delar dei same verdiane og ideane som TVP byggjer på. Dersom ein skal arbeida med å spreie ideane frå TVP vil man møta mykje motgang. Då er det viktig at ein har nokon i den verkeleg verda ein kan støtta seg på.
|
|
|
22:47 16. aug, 10
| Tobias
| | Drammen | |
| Moderator
| innlegg 159 |
|
|
Kontakt og møt andre fra bevegelsen i Bergen, stikk til sentrum, del ut informasjon og prat med folk. Be interesserte mennesker møte opp neste gang. Når dere er nok mennesker møtes dere jevnligere for mer aktivitet. Da har jo ballen allerede begynt å rulle. Så kan man etterhvert dele opp aktiviteten mer regionalt når man er mange mennesker.
Kanskje er det noen her på forumet fra bergen som vil hjelpe deg med å begynne? Hvis ikke så kan du henge opp zeitgeist informasjon med ditt tlf nummer.
Jeg er med på noe slikt i Oslo, har ikke printer, men er med på å dele ut hvis noen vil bruke en dag til å prate med folk i sentrum.
|
"All of the Earth's resources must be held as the common heritage of all people and not just a select few; and the practice of rationing resources through monetary methods is irrelevant and counter-productive to the survival of human civilization."nn – Jacque Fresco
|
|
|
23:15 16. aug, 10
| Vegard Bilsbak
| | Bergen | |
| Bruker | innlegg 150 |
|
|
Veit kun om to andre frå Bergen så eg tenkte eg skulle fiska litt på forumet først, det er sikkert folk her som er med på få til noko, men vegrar seg for å ta første steget. Når me har fått samla ein liten gjeng og fått prata litt kan me sikkert begynna å annonsera så smått. Eg tenkjer oppslag på universitetet til dømes, har ein mistanke om at det er ein bra stad å starta.
|
|
|
18:40 28. aug, 10
| Jens Magnus
| | Haslum | |
| Admin
| innlegg 296 |
|
|
Det er i teamspeak det skjer, åpenbart. Det er en egen kanal der for Norway, som vi kan benytte.
Skal vi se om vi kan samles der på ukentlig basis? Jeg foreslår tirsdager kl. 20.00. Hva synes dere?
|
|
|
18:49 28. aug, 10
| Vegard Bilsbak
| | Bergen | |
| Bruker | innlegg 150 |
|
|
Dersom eg ikkje hugsar heilt feil er møtet for alle europeiske kapittel anakvar tysdag kl. 20.30. Sånn sett passar tysdagar bra, men kanskje me skulle ha satsa på 19.30 i tilfelle det er mykje å snakka om slik at me rekk å verta ferdig før det europeiske møtet byrjar.
|
|
|
19:30 28. aug, 10
| Jens Magnus
| | Haslum | |
| Admin
| innlegg 296 |
|
|
Det holder kanskje med annenhver uke foreløpig?
|
|
|
20:22 29. aug, 10
| Vegard Bilsbak
| | Bergen | |
| Bruker | innlegg 150 |
|
|
Tippar det ja. Neste Europamøte er 7. september 20.30, tar me første møte same dag 19.30 då?
|
|
|
11:26 30. aug, 10
| Jens Magnus
| | Haslum | |
| Admin
| innlegg 296 |
|
|
Etter en liten diskusjon på Teamspeak i går, kom vi fram til onsdager. Jeg har publisert en sak om det på forsiden. Jeg tror vi etter hvert er mange nok til å ta det hver uke, så kan vi lufte temaer her i forumet. Det er mange som ser frem til å møtes IRL. Dette er et skritt på veien, så kan man gjøre avtaler om fysiske møter her. Velkommen til Teamspeak Norway onsdager kl. 19 og utover.
|
|
|
18:47 30. aug, 10
| Jostein
| | Etne | |
| Bruker | innlegg 137 |
|
|
ER det teamspeak dykk bruke eller er det mumble ?
Eg har alerede spørt om den mumble kannalen som er posta på evnet i google gruppa er aktive, men har ikkje fått noko svar. Når eg prøvde å koble meg til mumble kanalen så virka den ikkje aktiv.
Om det er TS som er brukt så må me nesten få veta kva kannalen heiter og kva TS program som er brukt. For eg har fått veta at det er 2 versionar ute som ikkje fungere i lag.
|
|
|
14:07 31. aug, 10
| Jens Magnus
| | Haslum | |
| Admin
| innlegg 296 |
|
|
Hei Jostein. Om du leser min sak om TS på forsiden, finner du lenkene du trenger for å komme igang. (Håper jeg.)
|
|
|
16:41 31. aug, 10
| Jostein
| | Etne | |
| Bruker | innlegg 137 |
|
|
Ja fant fram der. Glømte litt ut at ting blir lagt ut på forsida som blir bestemt her. Som i motsettning til mangen andre forum som er mest forum og då må all info vera i tråden :)
Men si ingen har sakt noko om mumble så rekne eg med at den kanalen og bruken av mumble er vekke ikkje i bruk.
|
|
|
17:24 31. aug, 10
| Adrian
| | Bergen | |
| Admin
| innlegg 36 |
|
|
Det er TeamSpeak 3 som blir brukt i de offisielle møtene. De har laget en egen kanal for den norske bevegelsen som står klar til bruk, men som vi ikke har brukt enda.
|
"Anyone who believes exponential growth can go on forever in a finite world is either a madman or an economist" ~ Kenneth Boulding
|
|
|
17:35 4. sept, 10
| Kagami
| | Bergen | |
| Moderator
| innlegg 25 |
|
|
Er interessert i å møte lokalt i Bergen. Hvis det organiseres blir det vel laget en tråd for det her på forumet? Da kan jo vi oppdatere oss om tid / sted der. :]
|
"If a free society cannot help the many who are poor, it cannot save the few who are rich." – John F. Kennedy, inaugural address, January 20, 1961
|
|
|
17:41 4. sept, 10
| Ånund
| | Kristiansand | |
| Bruker | innlegg 99 |
|
|
jeg skal begynne å hive meg inn på onsdags møtene i TS. Har lagt inn kannalen i programmet, og var inne å kikket nå i sted.
|
|
|
18:03 4. sept, 10
| Vegard Bilsbak
| | Bergen | |
| Bruker | innlegg 150 |
|
|
Jens er i Bergen 21-24 september så eg tenkjer me iallfall må få til eit møte den veka slik at han kan vera med. Med tanke på at han er "TZM-veteran" og har oversett mykje materiale er han sikkert godt skikka til å svara på eventuelle spørsmål om TVP folk måtte ha. Det er derimot ingenting i vegen for å holda møte før det også. Av det eg har kontroll over er me no iallfall seks stykk som er med på møte, Adrian, Jostein, Sindre, du, meg sjølv pluss ein som heiter Johnny som kontakta meg på facebook. Eg har i tillegg eit par eg kjenner utanom nettet som eg kan få med og det er det sikkert andre som har også.
Skal me freista å setja ein dato i veke 37 (13-19 sept.) så kan me nytta tida fram til det på å få med fleire?
|
|
|
10:06 5. sept, 10
| Adrian
| | Bergen | |
| Admin
| innlegg 36 |
|
|
Ja, det må vi få til. Rundt 21-24 september blir vel da mest aktuelt som første møte?
|
"Anyone who believes exponential growth can go on forever in a finite world is either a madman or an economist" ~ Kenneth Boulding
|
|
|
10:50 5. sept, 10
| Jostein
| | Etne | |
| Bruker | innlegg 137 |
|
|
Angåande møter i Bergen så har eg ikkje store muligheten til å vera med i Vekedagar si eg har enn 3-4 timars kjøre tur fra Etne
|
|
|
15:18 5. sept, 10
| Vegard Bilsbak
| | Bergen | |
| Bruker | innlegg 150 |
|
|
Jens sa onsdag 22. eller torsdag 23. passar for han. Då gjeld det å finna ein stad me kan sitja ein gjeng og prata utan å verta uroa for mykje. Nokon som har eit godt forslag? Sindre nemnte cafe Cacti, kjenner ikkje til den staden så det er vanskeleg for meg å vurdera forslaget.
Jostein: Dersom det første møtet vert når Jens er i Bergen er det nødd til å verta ein vekedag. For min del vil eg helst halda helgene åpne. Det er greit å ha iallfall eit par dagar i veka der ein ikkje arbeider og har moglegheita til å gjera andre ting (fest, turar o.l.) utan å vera bunde til avtalar. For min del vil eg difor ha Bergensmøter på ein vekedag. Eg skjønar det er upraktisk for deg som bur i Etne, men me får heller leggja regionale møter for t.d. heile vestlandet til helger når det vert aktuelt. Til me kjem så langt har me jo møter på teamspeak. Nokon andre som har tankar rundt dette?
|
|